top of page
  • Niri Andreas Kvammen Forberg

Breiddeåret – ein moglegheit om du tek bevisste val


Start tidlig med emnesøk og snakk med andre studenter. Dersom du gjør forarbeidet er breddeåret en god mulighet til å forme din personlige kompetanse, er Niri Forbergs oppfordring til vordende andreårsstudenter.

Om under tre månader er studieåret allereie over, og for godt over 100 studentar som går fyrste året på bachelor inneber dette at andre året nærmar seg med stormskritt. Andre året på bachelor i statsvitskap er, som på mange andre program ved Dragvoll, eit breiddeår som er heilt opent. Det er eit år der studentane får vite at dei står fritt til å velje kva dei vil studere innanfor NTNU i eit heilt år, gitt at emna ikkje er åtgangsavgrensa. Etter eit år med tunge innføringsfag er det ofte meir motiverande å kunne velje å studere emne som er meir spissa inn mot sine eigne meir spissa interesser.

Breiddeåret gir moglegheita til å utforske andre faglege interesser, og kanskje endar mange opp med å ta ein bachelor i ein anna fagdisiplin. Ein har også moglegheita til å byte plass på breiddeåret og året ein tek bacheloren. Om ein har eit ønskje om å skrive bacheloroppgåva tidlegare enn det som er lagt opp i planen, er det ingen store hindringar for dette. Skulle ein vere så heldig å ha 60 studiepoeng i andre fag frå før av, kan ein også søke om å få innpassa dette i bacheloren sin og få det godkjent som breiddeår.

Det som kanskje derimot er underkommunisert er at breiddeåret også gir deg ei moglegheit til å bygge på fagleg kompetanse som støttar opp nettopp dine interesser innanfor statsvitskapen. For eksempel kan du velje frå dei valbare fordjupingsemna i sosiologi og statsvitskap. Dette er emne som Institutt for sosiologi og statsvitskap sjølv tilbyr til, i utgangspunktet, studentane på tredje året. Her kan ein få fordjupe seg vidare i til dømes sosiologiemne som omhandlar organisasjonsteori, mediesosiologi, sosial ulikskap og velferd.

Det er også mange statsvitskapsemne ein kan velje, om miljøpolitikk og energi/ressursstyring, om petroleumsforvaltning, om vurdering av politisk risiko, emne om politisk økonomi og, ikkje minst, emne som omhandlar den internasjonale politikken. Her er det alt frå globalisering og Norge si rolle i det internasjonale samfunnet, Amerika i verda og internasjonal politikk med både eit historisk- og nåtidsfokus på Aust-Asia. I tillegg tilbyr instituttet intensivemnet POL2000 – Modeller og teoriar i statsvitskap, der ein som student vil kunne få ein mykje større analytisk emne til å forstå intensjonen til forfattarar innan statsvitskapen og til å forstå det som står mellom linjene i fagartiklar. I same tidsrommet på vinteren tilbyr også instituttet fire spesialiseringsemne i statsvitskap som intensivkurs: Internasjonal politikk, komparativ politikk, politisk åtferd og politisk kommunikasjon, og offentleg politikk og administrasjon. Å ta nokre av desse emna før «normert tid», hindrar deg sjølvsagt ikkje i å ta andre av desse emna når du kjem til tredje året på bacheloren.

Det er også viktig å peike på at andre institutt i tillegg tilbyr mange ulike opne emne som kan vere interessante og nyttige for den kompetansen nettopp du sjølv ønsker å bygge. Til dømes kan ein velje historieemne som Stormaktspolitikk etter 1900 og Norsk utanriks- og sikkerheitspolitikk sidan 1905, emne retta mot Europa via Europastudiar, emne som omhandlar innovasjon frå Institutt for tverrfaglege kulturstudie, ei rekkje emne i samfunnsøkonomi og mange ulike emne innanfor språk om ein ønskjer å sikte seg mot internasjonalt arbeid.

Som vist er det mange ulike moglegheiter ein har når det kjem til å fylle breiddeåret sitt med noko meiningsfullt, i tillegg til det å ta eit fullt årsstudium i andre fagdisiplinar. Start tidleg og søk på emne på nettsidene til NTNU, snakk med ein studiekonsulent om dine faglege interesser og snakk med andre studentar som har vore gjennom desse vala før. Det kan vere alt frå fadrar til læringsassistentar og andre linjeforeningar. Det kan også vere lurt å spørje desse studentane om ein veit noko om dei ulike forelesarane som er set opp på emne ein ønsker å ta. Ikkje alle forelesarar er like dyktige til å formidle fagstoff eller sin eigen faglege kompetanse, mens andre kan vere eit «must» å få oppleve. Kvaliteten på forelesarane har noko å seie for både motivasjonen og læringsutbytte av emnet, sjølv om dette sjølvsagt ikkje treng å vere avgjerande for kvaliteten til eit emne.

Så, tenk over kva du sjølv interesserer deg for og kva du sjølv ønsker skal vere din kompetanse, start tidleg med emnesøk og snakk med andre. Breiddeåret er ein god moglegheit nettopp til å forme din personlege, faglege kompetanse, men berre viss du gjer jobben på førehand med å utforske moglegheitene og ta bevisste val.

Lenker:

https://www.ntnu.no/studier/bpol/oppbygning

https://www.ntnu.no/studier/emner#semester=2017&gjovik=false&trondheim=false&alesund=false&faculty=-1&institute=-1&multimedia=false&english=false&phd=false&courseAutumn=false&courseSpring=false&courseSummer=false&pageNo=1&season=spring&sortOrder=ascTitle


183 visninger0 kommentarer

Siste innlegg

Se alle
bottom of page