© 2019 Leviathan, linjeforeningen for Statsvitenskap v/ NTNU, Trondheim.

  • Gray Facebook Ikon
  • Gray Instagram Ikon

Reisebrev frå Berkeley

Hei Leviathan!                                                                                                                                                  

 

Sjølv om den geografiske avstanden er stor, kulturen er ulik, og det politiske systemet fungerer annleis, samanliknar vi oss mykje med USA. Nyhende vi les i norske media, musikken vi høyrer på, seriane vi streamer, fjorårets fagkveldar med linjeforeininga; USA er overalt. Dette var ein av grunnane til at eg ville utveksle nettopp hit. Hausten 2016 søkte eg på utvekslingsplass ved University of California, Berkeley. Universitetet sitt gode akademiske rykte, samt Berkeley si historie som radikalt liberal, verka lokkande. No består kvardagen min mellom anna i forelesingar, vasspolotreningar, og internship i San Francisco. Dette er meg i klassisk utvekslingsstudent-pose framfor Seather Gate, eit av mange minnesmerke på campus, klar for å ta deg med på ei lita orientering i utvekslingslivet mitt i Berkeley. Yeah.

 

Campusen er diger og ligg midt i Berkeley. Det tek 30 min å gå frå eine enden til den andre, 10 min på sparkesykkel. Campusomradet er veldig levande, og fult av studentar som tek nytte av dei mange grøne parkområda, og dei over 30 biblioteka, alle med ulikt tema. I år går her omlag 40 000 studentar. Studentmassen består av folk frå heile verda, og lesesalane summar i kviskring på alle slags språk. Sjølv med eit mangfald av ulike fagretningar og nasjonalitetar, står Cal-identiteten sterkt. Å gå på UC Berkeley, eller Cal som det heiter på fint, er som å vere ein del av eit digert fotballag. Slagordet er «Go Bears» og dette kan du seie i alle samanhengar: på tribuna under amerikansk fotballkamp, lykke til på eksamen, bra jobba på trening i dag, har laga fancy middag – GO BEARS. Heile byen kler seg i logoen til universitetet. Heime ville eg aldri gått på Akademika og kjøpt meg NTNU-genser, men her kler eg meg i Cal-logoen med største sjølvfølge og pakkar med meg samtlege gule og blå plagg i kofferten på veg heim.

 

 

Studentane ved Cal har jobba hardt for å kome hit, og det akademiske nivået er høgt. Gjennom Berkeley International Student Program, BISP, har eg med ein gjeng andre nordmenn fått høve til å ta fag innan Department of Sociology. Dette semesteret tek eg Contemporary Immigration in a Global Perspective, Politics and Social Change, Sociology of Gender, samt eit fag kalla Independent Field Study, der eg jobbar som intern (ein slags lærling) i ein non-profit organisasjon i San Francisco. Faga krev mykje, både i form av lesing og skriving. Det er til tider slitsamt, men i det store og heile veldig verdt det. I tillegg til eit inspirerande akademisk miljø, får eg høve til å ta del i liv her nede som er veldig ulikt det eg kjenner til frå Noreg. Dette gjeld alt frå romkameratar, medstudentar og ikkje minst kollegaer og brukarar eg møter gjennom internshipet mitt. To gongar i veka tek eg BARTen (T-bana) inn til San Francisco for å jobbe for ein organisasjon som hjelper heimlause familiar å finne stabil leige. Dette internshipet gir meg eit unikt innblikk i ein heilt annan kvardag enn den vi får på campus og i klasserommet, samt nær innsikt i heimlaussituasjonen i San Francisco. Her ser de meg som turist i San Francisco, der arkitekturen og turistattraksjonane er like fascinerande som folka i gatene:

 

 

Som student ved mange norske universitet, er det lett å utveksle frå Noreg til UC Berkeley. Derfor er det naturleg nok ein god gjeng nordmenn å finne på campus. Min taktikk for å komme meg innpå lokalbefolkninga, har vore å bli med i sportsklubb. I dag trener eg vasspolo 2-3 gongar i veka. Sjølv om eg dreg nivået på laget betrakteleg ned, storkosar eg meg i bassenget. Lagsport er eit knalltips, om du vurderer utveksling. Vasspolo har gitt meg ein sosial arena, held meg i fysisk (relativt) god form, og opnar for moglegheita til å utforske California ved å delta i regionale turneringar. Her er laget på turnering i San Diego:

 

Busituasjonen i Berkeley er noko ganske annleis enn standaren i Trondheim. Folk bur i hus, leilegheiter, coops, dorms eller fraternities og sourrorities. Kort fortalt er sistnemde dei store studentheimane med greske bokstavar du ser i amerikanske college-filmar (og ja, dei er omtrent akkurat som på film). Dette semesteret bur eg i eit hus saman med tre amerikanarar, ein amerikansk-mexicanar og to frå Italia. Ein bur som regel minst to stk på kvart rom, og oppvaskmaskin på kjøkkenet er sjeldan vare. Folk bur tett her, og leigeprisen er høg, men stemninga er knall. Konsekvensane av den høge leigeprisen er også synleg i gatene. Der bur dei som ikkje kan betale for rom. Heimlaussituasjonen i Berkeley, er som i San Francisco, ikkje til å oversjå. Dette får meg til å sette desto høgare pris på bustadmarknaden i Trondheim, samt Lånekassen og SiT.

 

Med base i Berkeley, er det lett å reise langs vestkysten og oppleve alt det California har å by på av byar og nasjonalparkar. Som norsk student frå fuktige Møre og Romsdal fylke, nyt eg også godt av klimaet Sunny California har å by på. Eg har aldri før fått så mange positive kommentarar på brunfargen min, (keep’em comin pls), nokre månadar med sol har gjort godt på både kropp og sjel. Eitt år ute går både veldig sakte og altfor fort. Ein får sjå og oppleve så utruleg mykje, men det er alltid meir ein skulle fått gjort. No skal eg lande dette semesteret og kave meg gjennom eksamen før sommaren kjem. Lykke til alle heime, gler meg til å henge med Trondheim til hausten. Over og ut, go bears!

 

Share on Facebook
Share on Twitter
Please reload

Siste innlegg

December 20, 2017

Please reload

Arkiv

Please reload

Søk etter tags

Please reload

Følg oss

  • Facebook Basic Square